Velkommen til trebygda Granvin!

Granvin herad

 

Granvin har tradisjonar med tømmer og trevirke som råstoff og med sagbruksverksemd langt attende i tid. Det er omfattande kompetanse på dette i bygda. I dag er Moelven Granvin Bruk, sentralsagbruket på Vestlandet, den største private arbeidsplassen. I tillegg ligg hovudkontoret til Vestskog her som driv skog- og vegplanlegging, og vi har byggmeisterverksemder og skogsentreprenørverksemd. Her finst også mykje praktisk kunnskap om gamal byggjeskikk og restaurering av bygningar.
Tre er det einaste fornybare byggjematerialet som finst, og er såleis byggjematerialet for framtida. Granvin er med i prosjektet «Framtidens bygder».

Om Granvin herad
Granvin er ein av Hardangerkommunane, har ca 920 innbyggjarar og ei flatevidd på 212 km2. Kommunesenteret ligg inst i Granvinsfjorden, og er sentralt plassert med gode kommunikasjonar i alle retningar.
Reisetider med bil:
25 min til Voss, næraste regionsenter
2 timar til Bergen

Næringsliv
Primærnæringane er framleis viktige Granvin, no også med ulike typar småskalaproduksjon. I tillegg har bygda små og mellomstore verksemder innan tradisjonelle handverk som murar, røyrleggjar, elektrisk installasjon m.m. Dei fleste arbeidsplassane finst innanfor kommunal verksemd.

Kultur og friluftsliv
Naturen i Granvin ligg godt til rette for friluftsliv sommar og vinter både på fjellet og ved/i fjorden. I Haugseåsen har vi alpinbakke og skiløyper, badestrand ligg lett tilgjengeleg i sentrum av bygda, og her er gode tilhøve for sykling. Det finst eit stort tal lag og organisasjonar som gjev høve til ulike aktivitetar, og som legg til rette for trivsel og livskvalitet.

Nyebryggja på kaien Foto: S.Midttun

Olavstølsnuten Foto: K. Haugen

Nesheim Foto: G-K.Ljones

Vinter på piren

Meir informasjon og bilete: granvin.kommune.no

Laster...