Utskriftsvennlig versjon

Tildeling og ajourhald av brukar i WebSak

Arkivleiaren (Systemansvarleg) har hovudansvar for tildeling og ajourhald av brukarrettar til registrerings- og arkiveringsfunksjonar

Ajourhald av brukarrettar:

  • Arkivleiaren har ansvar for at brukarrettane vert ajourhaldne kontinuerleg

Leiaren har ansvar for at arkivleiaren vert informert/varsla om

  • tildeling av brukarrettar til nye personar i sak/arkivsystemet
  • personar som ikkje lengre skal ha brukarrettar i sak/arkivsystemet
  • endring av ein persons brukarrettar i sak/arkivsystemet

det kan skje slik:

  • ved nytilsetjing
  • ved endring i stilling som fører til endra rettar i sak/arkivsystemet
  • når tilsette sluttar

Meldinga skal innehalda:

  • den tilsette sitt fulle namn og stillingstittel
  • nøyaktig dato for endring av brukarrettar/oppretting av ny brukar/stopp av brukarrettar
  • spesifisering av kva tilgangar og rettar den tilsette skal ha, eller evt stopp av tilgangar
  • spesifisering av den enkelte sine rollar, evt klarering for tilgangskodar

Meldinga skal sendast så snart som mogleg, og i god tid før feks nytilsett startar i stillinga si.

Ajourhald av brukarrettar i sak/arkivsystemet er grunnleggjande for tryggleiken i systemet, td for å sikra at sensitiv informasjon ikkje kjem på avvegar. Tildeling av brukarrettar er difor leiaren sitt ansvar.

Laster...